Kultiveringsfiske

Me i ØJFF held på med kultivering i Fitjadalsvatnet. Hensikta er å betre fiskestamma og sikre ei god og bærekraftig fiskestamme for alle i framtida. I vårt kultiveringsarbeid brukar me garn med maks 28 omfar. (sjå vedlagt tabell). Dette for å fiske opp småfisk og la storfisken hjelpe oss med å ete småfisk.

Når me tar ut småfisk blir det meir mat att til den resterende fisken og den får betre kår for å vekse seg stor. Det er derfor forbode å fiske med garn med større maskevidde enn 28 omfar.

Dersom ein likevel får større levande fisk enn 300 gram i garn lik eller større enn 28 omfar, anmodar me derfor til å sleppe den ut igjen. Då betrar ein sjansen for at ein seinare får den gode opplevinga å få stor fisk på stong eller oter, og som det er tillate å fiske med!

Viss nokon ynskjer å bidra med kultivering eller kultivere i andre vatn ta då kontakt med Fiskestellet i ØJF slik at me kan få til eit samarbeid. Telefon Arvid Huun: 900 25 630

Omfar = m.m.

39 omfar.=16mm.

35 omfar.=18mm.

32 omfar.=19.5mm.

30 omfar.=21mm.

28 omfar.=22.5mm.

26 omfar.=24mm.

24 omfar.=26mm.

22 omfar.= 29mm.

20 omfar.=31.5mm.

18 omfar.=35mm.

16 Omfar.=39mm.

14 omfar.=45mm.

12 omfar.=52mm.

Dette innlegget vart lagt inn i Fiske. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.