Aktiv julegåve frå deg til dine i år?

ØJFL ynskjer i 2020 å få fleire aktive og nye medlemar intresserte i skyting, jakt og fiske.Vi har planar for ungdommar, damer og nye skyttarar og jegerar. Vidare ynskjer vi sjølvsagt òg fleire aktive skyttarar til våre flotte anlegg i Vangdalsåsen (i Tørvikbygd). Visste du at;

  • Me har bygd ein ny 100m riflebane med sju standplassar, og ein bane for springande elg? Å øva seg på mål i bevegelse er viktig for skyteferdigheitene og er kjekkare enn ein trur! For all rifleskyting er det digital registrering av skot og all skyting føregår under tak.
  • For hagleskyting er det mellom anna to nye trap-banar med 5 standplassar kvar, oppsett før sporting (5 plassar) og skeet-bane med 8 plassar. I tillegg har ein mogelegheit for andre oppsett. Mykje bra altso!
  • I tillegg har ØJFL eit eige sekretariat-bygg med mellom anna handikapp-toalett, eige kjøken og møte-/spiserom for opptil 30 personar.

I 2020 arrangerer vi opplæring i både fiske og jakt. God assistanse på skytebanen får ein sjølvsagt av våre dyktige og inkluderande instruktørar.

Me har difor følgjande framlegg til årets julepresang:

  • Medlemskap med moglegheit for ekstra gåve frå Øystese jeger- og fiskarlag. Gå inn på https://www.njff.no/, vel «Bli medlem» og på neste side «Kjøp medlemskap». Vel så «bli medlem i et lokallag». Finn så Øystese JFL og vel type medlemskap.

 

  • Vi opplevde ein medlem som skaut opp til jegerprøven for 50. gong. Han var 70 år, like blid og tykte det framleis var artig å oppleve meistring!
  • Vi har planlagt kurs i fiske og kultivering. Her vil ein få både gode råd og kunne delta på kultiveringsfiske i Fitjadalen, med å setja garn og evaluera fisk. Kultiveringsarbeidet som ØJFL gjer i fleire vatn i området er særs viktig for at du skal kunne ta med fiskestonga på tur og dra opp ein flott fisk til middagen!

I tillegg til at den som får gåva mottek bladet «Jakt og fiske», vert medeigar i meir enn 100 båtar, også i Fitjadalen, vil Øystese Jeger- og fiskarlag lage til ein presang til alle som sender sin kontaktinfo og ny medlemsinformasjon til: postmaster@oystesejfl.org innan 12. desember. Vi julepakkar då noko fiske- eller jaktutstyr til den nye medlemen, slik at ein får den gode opplevinga av gåvepakke i jula!

  • Jegerprøvekurs. Øystese Jeger- og fiskarlag held eigne jegerprøvekurs med lokale og erfarne instruktørar. Visste du at laget òg arrangerer opplæringsjakt for ungdom under 26 år? Ein får då mogelegheita til å vere med lokale og erfarne jegerar ut på jakt fleire gonger på hausten. Har ein oppnådd kvalifikasjonskrava, er det ungdommen sjølve som skyt. Andre nye jegerar som er medlemmer i laget kan òg ta kontakt for å sjå på moglegheita for å henge seg på. Det gir god læring og oppleving!

Pris for jegerprøve senior, ikkje medlem: 3500kr., medlem: 2000kr.

Junior, ikkje medlem: 2200kr., Junior, medlem: 1400kr. Det svarer seg altso å vera medlem i Øystese jeger- og fiskarlag!

Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.