Historie

HISTORIA TIL LAGET

Oppstart

Laget vart skipa i november 1945 som Øystese fiskarlag. I 1963 vart laget omorganisert til Øystese jeger- og fiskarlag og innmeldt i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Kultivering i fjellet

60- og 70-talet var mykje av aktiviteten knytt til kultivering av fjellvatna i Øystese-Aust. Etter år 2000 er det kvart år lagt ned mange timar på å kultivera Fitjadalsvatnet, og laget har i 2020 store planer om å øke kulitveringsarbeidet ytterligere.

Elva/Vetleheim

På 70-talet var fisket i elva fantastisk (i alle fall i høve til i dag) og aktiviteten stor. Laget dreiv eit lite klekkeri.

Lagshuset Vetleheim i Sjusetevegen vart kjøpt og pussa opp i slutten av 70-talet. I kjellaren vart det innreidd nytt klekkeri. I tillegg vart det sett opp eit stamfiskhus på eigedomen.

I 2008 vart klekkeriet fjerna og rommet gjort om til eit aktivitetsrom for laget.I tillegg vart det laga toalett i huset.

Blekeld i Fitjadalen

På Kvam Herad sitt område Blekeld ved Fitjadalsvatn har laget laga bryggje, toalett og eit grindbygg for grilling o.l. Det heile byrja med at laget fekk løyve til å byggje ei brygge m/båtfeste. I 2001 vart så bryggja sett opp, og båt kom på plass. Båten kan leigast av alle. Nøklar kan lånast på statoilstasjonen i Øystese.

Alle bygga er tilrettelagt for rørslehemma, vi må då spesielt nevne at på bryggja er det heis for rullestolbrukarar slik at rørslehemma skal få moglegheit til ein tur på Fitjadalsvatn, gjerne med fiskestong. N.B! brukar må ha hjelpar for å nytta heisen for rørslehemma, båten er utstyrt med spesialsete for dette bruk.

Skytebanen på Melstveit

Alt på slutten av 60-talet dreiv ein med leirdueskyting, først i sandtaket i Øystese, seinare på Melstveit. I 1980 bygde ein banen som var i bruk til ca 2018.

Vangdalsåsen skytebaner

Frå 2015 er laget i gang med å byggja nye banar i Vangdalsåsen.   Ved slutten av 2017 var ny elgbane- og  jaktfeltanlegg teke i bruk. Fullt ferdig våre 2019 vil ein også ha trapbane, skeetbane, sportinganlegg på plass. Jaktfeltanlegg for hagle er også under vurdering.