Om

Øystese Jeger- og Fiskarlag er eit lag for alle, og alle som vil arbeida for laget sitt program kan verta medlemer av laget. Medlemene vert delte inn i dei kategoriar som til ei kvar tid samsvarer med mønstervedtektene til NJFF. 

Laget sine føremål er 

  • Å knyta jegerar og fiskarar og andre interesserte saman til felles arbeid for å auke vilt- og fiskebestanden ved positive tiltak i arbeidsområdet til laget. 
  • Å arbeida for human jakt og ferd i skog og fjell 
  • Å arbeida for betre dugleik i bruken av våpen og fiskereidskap. 

Ønsker du å bli medlem, så følg linken: https://www.njff.no/medlem

Velkommen skal du være!