Nytt frå styret!

Hagleskytinga for damer held fram på måndagar ut september. Kvinner er sjølvsagt også velkomne på ordinære treningskveldar tysdag og torsdag.
To jaktstigar er sett ut. Opplæringsjakta går som planlagt 4.10. og 25.10.
Kultiveringsfiske: I overkant av 6000 fisk er tatt i Fitjadalsvatnet i 2020. Målet er 8000. Oppfisking i Fugladalsvatnet: 158, Løkjesdalen 453.
ØJFL vil informere garnfiskarar i Fitjadalen om anbefalt største maskevidde for å sikre eit godt kultiveringsarbeid.
Blekeld: Vedlikehald er utført, og vil halde fram. Ei gruppe frå Landsforeningen for ryggmargsskadde planlegg aktivitet på Blekeld sundag 20. september.
Øysteseelva: Det vert dugnad med å fjerne det svartelista ugraset Parkslirekne. Uttale frå ØJFL til Reguleringsplan på Laupsa vart sendt i juni. Elvefisket er avslutta. Resultat: 5 vill-laks mellom 1kg og 5,5kg. Hugs melding om fangst/ikkje fangst alltid skal meldast inn (også ingen fangst). Takk til MX-sport for godt samarbeid med sal av fiskekort.
Stamfiskeanlegget skal vaskast ned og settast i stand.
Arbeidet på skeetbana i Vangdalsåsen held fram og er snart i sluttfasen. Det vert arbeidd med søknad om oppgradering av riflebana, m.a. toalett. Elles er elgbana no i god stand.
Haglbana/trapbana: Skyttarane må plukke plast (tomhylsar) kvar gong det er trening. Plastavfall må ikkje passere nota som er sett opp i elva.
Vi kjøpar inn ein storskjerm til bruk i sekretariatet i Vangsdalsåsen.
Laget vil dekka skyteinstruktørkurs II for to skyttarar mot at dei arrangerer treningskveldar.
Innviingsfest for Vangdalsåsen med inviterte gjester er flytta til 2021.

Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.