Øystese jeger og fiskarlag skipar til tevling i predatorjakt i området til Øystese-Aust!

Tevlinga gjeld både medlemmar og ikkje-medlemar i ØJF. Dette er eit lågterskel tilbod til alle som er interessert i jakt også på denne tida av året, samt fokus på viltstell med uttak av predatorar for å spesielt kunne prøve å betre bestand av skogsfugl og rype. Jaktkort kan kjøpast på https://www.inatur.no/…/60128…/predatorjakt-oystese-aust.
Dersom ein nyttar andre terreng i Kvam, lyt kvar og ein ordna avtale med grunneigar.

Registrering av fangst vert gjort ved å sende bilde, samt informasjon om fangststad med dato til postmaster@oystesejfl.org. Bruk «predatorjakt» i emnefeltet. Innmelding skal skje fortløpande.

Konkurransen gjeld fram til avslutta revejakt, 15.april 2021. ØJF har 5 mårfeller og 2 minkfeller som ein kan låne ved å ta kontakta med Håvard Fiksen, 97120141.

Artar som inngår i jakta med poengfordeling er:
1 poeng: kråke og nøtteskrike
3 poeng: Ravn
5 poeng: Røyskatt og mink
7 poeng: Mår
10 poeng: Rev
Premiering:
Senior med mest poeng vert premiert med gåvekort på kr. 1500 hjå Mo Sport. Junior med mest poeng vert også premiert med gåvekort på kr. 1500.
Det blir også trekning av ekstra premier blant alle deltakerne!
Skitt jakt!

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Avlysing av isfiskearrangement, lørdag 6. februar

Avlysing av isfiskearrangement, lørdag 6. februar

Som følge av den stigende Covid-19 trenden, velger Øystese Jeger- og fiskalag å avlyse det tidligere annonserte isfiske arrangementet lørdag 6. februar.
Det er selsagt meget synd når vær og isforholdene er så gode, men vi kan ikke risikere noe når smittetrykket er slik det er.

Laget vil komme tilbake med annonsering av andre jakt- og fiskearrangement når forholdene tilrår det.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Fritidskortet i Kvam Herad

Ved å aktivere Fritidskortet på kvam.friskus.com, kan barn og ungdom 6-18 år få refundert medlemskontingenta. Skjema for refusjon: https://www.kvam.no/sd/skjema/KKO100/

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

ISFISKEDAG PÅ FITJADALSVATNET

Laurdag 6. februar arrangerer Øystese jeger- og fiskarlag isfiske for alle frå kl. 14–16

Oppmøte: Blekeld i Fitjadalen.

Det vert opplæring for barn og ungdom, og servering/sal av mat.

Arrangør lånar ut isfiskeutstyr og lagar hol i isen.

Anbefalt utstyr: Ispiggar.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Jakker klare for henting

Til de som har tinga jakker med logo: Desse er klare for henting på Mo Sport i Norheimsund. Du betaler direkte i butikken.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Jegerprøvekurs

Det vert jegerprøvekurs i regi av ØJFL i februar-mars 2021. Meir om tidspunkt kjem i januar!

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Bestill jakke med logoen til laget til ein god pris!

ØJFL ynskjer å verte meir synleg og gje medlemene eit godt tilbod: «Craft Highland Jacket» mørk blå – sjå bilete. Det vert trykt ØJFL-logo og Mo Sport-logo på venstre bryst. Nedsett pris kr 1049 – lagssponsing kr 400= kun kr 649! Du kan prøve jakke og bestille på Mo Sport i Norheimsund fram til og med tysdag 8.12.20. Viss du veit kva størrelse/størrelsar du skal ha, kan du leggje inn ei bestilling på e-post: postmaster@oystesejfl.org.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

AVLYST: HV-209 skal avholde øvelse i Vangdalsåsen i perioden 10-16 November 2020

Oppdatering 5.11.2020: Øvelsen som tidligerer annonsert er nå avlyst.

Mvh Cato Landsvik
Leder ØJFL – 926 13 490

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Småviltjakt Øystese Aust

Det er no opna for småviltjakt i Øystese Aust.
Gå til: Inatur

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Opplæringsjakt 30.9.2020!

Hei, Det blir en ny runde med opplæringsjakt på hjort. Oppmøte ved Vetleheimen onsdag 30.9.2020, kl 16:30. Flott om dere som kommer gir en lyd til Håkon Arne Laupsa, 950 89 749 eller messenger.

NB: Planlagt introjakt 03.10.2020 som tidligere er annonsert på nettsidene må desverre flyttes til annen dato , ny info kommer.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel