Øystese jeger og fiskarlag skipar til tevling i predatorjakt i området til Øystese-Aust!

Tevlinga gjeld både medlemmar og ikkje-medlemar i ØJF. Dette er eit lågterskel tilbod til alle som er interessert i jakt også på denne tida av året, samt fokus på viltstell med uttak av predatorar for å spesielt kunne prøve å betre bestand av skogsfugl og rype. Jaktkort kan kjøpast på https://www.inatur.no/…/60128…/predatorjakt-oystese-aust.
Dersom ein nyttar andre terreng i Kvam, lyt kvar og ein ordna avtale med grunneigar.

Registrering av fangst vert gjort ved å sende bilde, samt informasjon om fangststad med dato til postmaster@oystesejfl.org. Bruk «predatorjakt» i emnefeltet. Innmelding skal skje fortløpande.

Konkurransen gjeld fram til avslutta revejakt, 15.april 2021. ØJF har 5 mårfeller og 2 minkfeller som ein kan låne ved å ta kontakta med Håvard Fiksen, 97120141.

Artar som inngår i jakta med poengfordeling er:
1 poeng: kråke og nøtteskrike
3 poeng: Ravn
5 poeng: Røyskatt og mink
7 poeng: Mår
10 poeng: Rev
Premiering:
Senior med mest poeng vert premiert med gåvekort på kr. 1500 hjå Mo Sport. Junior med mest poeng vert også premiert med gåvekort på kr. 1500.
Det blir også trekning av ekstra premier blant alle deltakerne!
Skitt jakt!

Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.