Fyrste stemne for hagleskyttarar i Vangdalsåsen

Øystese jeger- og fiskarlag arrangerer jegertrap i Vangdalsåsen sundag 28.04.19

Påmelding på banen 0900-1000 eller via leirdue.net

Stemnet er terminfesta og det må påreknast skyting på anlegga i Vangdalsåsen frå 0900 denne dagen.

Skyttarar i alle aldrar er hjartleg velkomne.

Kom og opplev det fantastiske anlegget me har fått.

Lagt inn i Hagle, Skyting, Vangdalsåsen | Legg att eit innspel

Oppdaterte vedtekter etter årsmøtet for 2018

Paragraf 13 Jaktskyttarutvalet vart endra på årsmøtet for 2018. I vedlegget finn du vedtektene med denne endringa.

Vedtekter revidert etter årsmøte 2018

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Årsmøte 2018

Det kallast med dette inn til Årsmøte for 2018 Onsdag 20.februar 2019 kl1930 på Kontakten, Hardanger AKS

Sjå dokument for årsmelding og sakliste

aarsmeldinga 2018 ojfl

Vel møtt

Lagt inn i Årsmøte | Legg att eit innspel

Opplæringsjakt

Opplæringsjakt på hjort for medlem i ØJFL under 25 år. Tid: måndag 15. oktober kl 16:30 og fredag 19. oktober kl 16:30. Oppmøte i Vetleheimen i Øystese. Ta med godkjend skyteprøve og rifle. Har du ikkje teke skyteprøven er det fint om du tek med refleksvest.
Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Dugnadsliste og -innkalling

Dugnadslister Fellesbygg leirduebaner haust 2018

Brev Dugnad haust 2018

Lagt inn i Dugnad, Hagle, Ikkje kategorisert, Vangdalsåsen | Legg att eit innspel

I gang med byggearbeidet på trapbanen

Dette galleriet inneheld 9 foto.

No i helga vart reisverket på trapbanen reist.  Bileta viser utviklinga frå laurdag føremiddag til sundag kveld. Og no er også sutaket kome på  

Fleire galleri | Legg att eit innspel

Olav Vidar Melstveit vart fylkesmeister i Leirduesti

Det vart dobbeltsiger til ØJF.  Nummer 2 vart Heine Dalatun og nummer 3 Bjarte Linga, Samnanger JF

Det var og dobbelt Øystese i lagkonkurransen,  her kom Bømlo JF på 3. plass, På vinnarlaget var Andor Helgheim, Are Martinsen og Hans Tørvik.

 

Resultatliste

Lagt inn i Hagle, Skyting | Legg att eit innspel

Elgbane og leirdue stemne 11 og 12 August

Hei.

Til helga 11 og 12 August blir det stemner i elgbaneskyting og leirdueskyting.

Elgbanestemnet er i Vangdalsåsen 11.08, påmelding 1100 til 1300

Leirduestemne er på Melstveit 12.08, påmelding 1000 til 1100. Det er fylkesmeisterskap i sporting som er konkurranse formen denne helga.

Vel møtt!

 

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Jegerskyting haust

Jegerskyting med mulighet for storviltprøven starta opp att 2. August.

Det vil bli skyting kvar Mandag og Torsdag heile August frå 1730 til 2000

For meir info og terminliste føl denne linken. http://oystesejfl.org/index.php/rifle/

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Fiskesommar

Vi inviterer alle barn med foreldre/føresette (eller andre vaksne) til fiske frå land. Alle vil få god hjelp frå oss i Øystese Jegar og Fiskarlag, slik at flest mogleg av barna får fisk. Vi møtast ved rasteplassen i Steinstø klokka 13.

Alt er gratis og det er inga førehandspåmelding. Ta med redningsvester. Viss du har, ta med fiskestong og sluk/agn. Vi lånar ut fiskestenger så langt som råd.

 

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel