Jegerprøvekurs 2024

Vi er klare med plan for årets jegerprøvekurs.

Øystese Jeger- og Fiskarlag tek no imot påmelding til jegerprøvekurs 2024.
Kurset går over to helger: 23.-25. februar og 15.-17. mars. Eksamensdato er ikkje fastsett enno. Det er ingen krav til utstyr eller forkunnskaper, men deltakarar må minimum fylle 14 år i løpet av 2024.

Undervisninga vil gå føre seg på gymnaset og skytebanen vår i Vangdalsåsen.

Pris:
Medlem øjfl kr 2.000 (ikkje medlem kr 3.500)
Medlem øjfl under 18 år kr 1.400 (ikkje medlem kr 2.200)
I tillegg kjem eksamensavgift til miljødirektoratet på kr 360
Pris inkluderer enkel lunsj to av dagane

Påmelding:
Ring instruktør Ove Sandven på 994 74 508 (ikkje send melding her eller på facebook)

Påmelding snarast og innan 20. februar (begrensa tal plassar)

Vi ønskjer sjølvsagt at du er eller vert medlem av Øystese jeger- og fiskarlag, dette vil gi god rabatt på kursprisen og på andre aktivitetar du vert med på.
Pris på medlemsskap i øjfl:
– Junior kr 440 (utan medlemsblad kr 300)
– Senior kr 790
– Familiemedlemsskap kr 1.215 (gjeld to vaksne og ubegrensa tal barn)

Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.