Ønsker du å delta på kultiveringsfiske?

Ønsker du å delta på kultiveringsfiske? Øystese Jeger og fisk driv kultiveringsfiske med garn i Fitjadals-vatnet. Dette er eit stort og krevande prosjekt.
Fisket er dreve av dugnad. Men me treng fleire personar for å halda hjula igang.
Fiske har starta og det rapporteres om god fangst.
Dersom det er nokon som kan tenke seg å vera med på dugnaden kan dei senda ein melding med telefonnummer til postmaster@oystesejfl.org eller se Øystese Jeger- og Fisk sin Facebookside. Slik at me kan setja opp ei liste.
Fiske vil bli oppdelt i ein «erfaren» og ein «ny». Slik at det vert gjort rett og sikkert.
Me har for tida to båtar i vatnet og håpar på at me klarer å fylla båtane med personell.
Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.