Ønsker du å delta på kultiveringsfiske?

Ønsker du å delta på kultiveringsfiske? Øystese Jeger og fisk driv kultiveringsfiske med garn i Fitjadals-vatnet. Dette er eit stort og krevande prosjekt.
Fisket er dreve av dugnad. Men me treng fleire personar for å halda hjula igang.
Fiske har starta og det rapporteres om god fangst.
Dersom det er nokon som kan tenke seg å vera med på dugnaden kan dei senda ein melding med telefonnummer til postmaster@oystesejfl.org eller se Øystese Jeger- og Fisk sin Facebookside. Slik at me kan setja opp ei liste.
Fiske vil bli oppdelt i ein «erfaren» og ein «ny». Slik at det vert gjort rett og sikkert.
Me har for tida to båtar i vatnet og håpar på at me klarer å fylla båtane med personell.
Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Leirdueskyting for damer starter opp igjen!

Me startar opp at med leirdueskyting for damer på mandag 18/5 kl.18-19.30.
Me følgjer Covid-19 smittereglane.
Vel møtt!

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Oppstart jegerskyting

Jegerskyting/treningsskyting er starta opp igjen, sjå meir info og terminliste under jaktskyttarutvalet/rifle.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Skyteprøven frå i fjor gjeld også ved storviltjakta i haust

Sjå her https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2020/april-2020/skyteproven-fra-i-fjor-gjelder-ogsa-under-arets-jakt/

 

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Midlertidig stans i all aktivitet

Hei alle,

På grunn av situasjonen med coronavirus og tiltak for å hindre videre spredning stanses alle planlagte samlinger, kurs og andre aktiviteter i regi av ØJFL inntil videre.

Oppfordrer alle til å følge offentlige regler og føringer for å hindre videre spredning.

Mvh Cato Landsvik
Leder – ØJFL

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Årsmøte avhelde

 

For fyrste gong brukte me eige hus i Vangdalsåsen.  Det var 22 frammøtte.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Årsmøte for 2019

Årsmøte torsdag 20. februar 2020 kl 19.

Stad: sekretariatet mellom trap- og skeetbanen i Vangdalsåsen (Tørvikbygd)

Her kan du lesa årsmeldinga: årsmelding for 2019 med rekneskap

Vil du ha ei omvising på skytebanen? Møt opp 18:30 på parkeringsplassen ved trapbanen (den første banen du kjem til).

 

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Jegerprøvekurs 2020

Det er no opna for påmelding til årets jegerprøvekurs.

Øystese Jeger- og Fiskarlag tek no imot påmelding til årets jegerprøvekurs. Kurset går over to helger: 14.-16. februar og 20.-22. mars. Eksamensdato er ikkje fastsett enno. Det er ingen krav til utstyr eller forkunnskaper. Deltakarar må minimum fylle 14 år i løpet av 2020.

Pris:
Medlem øjfl kr 2.000 (ikkje medlem kr 3.500)
Medlem øjfl under 18 år kr 1.400 (ikkje medlem kr 2.200)
I tillegg kjem eksamensavgift til miljødirektoratet på ca kr 300
Pris inkluderer enkel lunsj to av dagane

Påmelding:
Ring instruktør Ove Sandven på 994 74 508

Påmelding snarast og innan 1.februar(begrensa tal plassar)

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Aktiv julegåve frå deg til dine i år?

ØJFL ynskjer i 2020 å få fleire aktive og nye medlemar intresserte i skyting, jakt og fiske.Vi har planar for ungdommar, damer og nye skyttarar og jegerar. Vidare ynskjer vi sjølvsagt òg fleire aktive skyttarar til våre flotte anlegg i Vangdalsåsen (i Tørvikbygd). Visste du at;

  • Me har bygd ein ny 100m riflebane med sju standplassar, og ein bane for springande elg? Å øva seg på mål i bevegelse er viktig for skyteferdigheitene og er kjekkare enn ein trur! For all rifleskyting er det digital registrering av skot og all skyting føregår under tak.
  • For hagleskyting er det mellom anna to nye trap-banar med 5 standplassar kvar, oppsett før sporting (5 plassar) og skeet-bane med 8 plassar. I tillegg har ein mogelegheit for andre oppsett. Mykje bra altso!
  • I tillegg har ØJFL eit eige sekretariat-bygg med mellom anna handikapp-toalett, eige kjøken og møte-/spiserom for opptil 30 personar.

I 2020 arrangerer vi opplæring i både fiske og jakt. God assistanse på skytebanen får ein sjølvsagt av våre dyktige og inkluderande instruktørar.

Me har difor følgjande framlegg til årets julepresang:

  • Medlemskap med moglegheit for ekstra gåve frå Øystese jeger- og fiskarlag. Gå inn på https://www.njff.no/, vel «Bli medlem» og på neste side «Kjøp medlemskap». Vel så «bli medlem i et lokallag». Finn så Øystese JFL og vel type medlemskap.

 

  • Vi opplevde ein medlem som skaut opp til jegerprøven for 50. gong. Han var 70 år, like blid og tykte det framleis var artig å oppleve meistring!
  • Vi har planlagt kurs i fiske og kultivering. Her vil ein få både gode råd og kunne delta på kultiveringsfiske i Fitjadalen, med å setja garn og evaluera fisk. Kultiveringsarbeidet som ØJFL gjer i fleire vatn i området er særs viktig for at du skal kunne ta med fiskestonga på tur og dra opp ein flott fisk til middagen!

I tillegg til at den som får gåva mottek bladet «Jakt og fiske», vert medeigar i meir enn 100 båtar, også i Fitjadalen, vil Øystese Jeger- og fiskarlag lage til ein presang til alle som sender sin kontaktinfo og ny medlemsinformasjon til: postmaster@oystesejfl.org innan 12. desember. Vi julepakkar då noko fiske- eller jaktutstyr til den nye medlemen, slik at ein får den gode opplevinga av gåvepakke i jula!

  • Jegerprøvekurs. Øystese Jeger- og fiskarlag held eigne jegerprøvekurs med lokale og erfarne instruktørar. Visste du at laget òg arrangerer opplæringsjakt for ungdom under 26 år? Ein får då mogelegheita til å vere med lokale og erfarne jegerar ut på jakt fleire gonger på hausten. Har ein oppnådd kvalifikasjonskrava, er det ungdommen sjølve som skyt. Andre nye jegerar som er medlemmer i laget kan òg ta kontakt for å sjå på moglegheita for å henge seg på. Det gir god læring og oppleving!

Pris for jegerprøve senior, ikkje medlem: 3500kr., medlem: 2000kr.

Junior, ikkje medlem: 2200kr., Junior, medlem: 1400kr. Det svarer seg altso å vera medlem i Øystese jeger- og fiskarlag!

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Kultiveringsfiske

Me i ØJFF held på med kultivering i Fitjadalsvatnet. Hensikta er å betre fiskestamma og sikre ei god og bærekraftig fiskestamme for alle i framtida. I vårt kultiveringsarbeid brukar me garn med maks 28 omfar. (sjå vedlagt tabell). Dette for å fiske opp småfisk og la storfisken hjelpe oss med å ete småfisk.

Når me tar ut småfisk blir det meir mat att til den resterende fisken og den får betre kår for å vekse seg stor. Det er derfor forbode å fiske med garn med større maskevidde enn 28 omfar.

Dersom ein likevel får større levande fisk enn 300 gram i garn lik eller større enn 28 omfar, anmodar me derfor til å sleppe den ut igjen. Då betrar ein sjansen for at ein seinare får den gode opplevinga å få stor fisk på stong eller oter, og som det er tillate å fiske med!

Viss nokon ynskjer å bidra med kultivering eller kultivere i andre vatn ta då kontakt med Fiskestellet i ØJF slik at me kan få til eit samarbeid. Telefon Arvid Huun: 900 25 630

Omfar = m.m.

39 omfar.=16mm.

35 omfar.=18mm.

32 omfar.=19.5mm.

30 omfar.=21mm.

28 omfar.=22.5mm.

26 omfar.=24mm.

24 omfar.=26mm.

22 omfar.= 29mm.

20 omfar.=31.5mm.

18 omfar.=35mm.

16 Omfar.=39mm.

14 omfar.=45mm.

12 omfar.=52mm.

Lagt inn i Fiske | Legg att eit innspel