Jaktfelt stevne 28.januar

Søndag 28.januar 2018 arrangerer me historiens fyrste jaktfeltstevne i Vangdalsåsen

Jaktfelt er skyting med rifle mot stillestående viltmål på ulike avstander oftest fordelt med 5 skudd på 6 ulike poster. Skytingen foregår ofte ute i terrenget, og skytestillingene som benyttes er liggende, sittende og stående.

Våpen
Alle rifler (bolt-, halvauto-, enkeltløp-, kombi og dobbelrifle) som er tillatt brukt på jakt i Norge, kan benyttes til jaktfeltskyting.

På vårt stevne vil det verte 6 hald som vil variere frå ca 25 – 200 meter., 2 hald vert sitjande , 2 ståande og 2 liggjande.  For informasjon om regelverket kan de sjå linken her: NJFF Regelhefte jaktskyting WEB

Påmelding vert frå 1100 til 1300. Påmeldingsavgidt er 200,- for vaksne og 100,- for D1 og D2.

Medlemskort og klasseføringskort må medbringes og fremvises ved påmelding. For dei som ikkje er medlem i NJFF eller mangler klassekort vil det vere mulig å skyte i gjesteklasse.

Ynskjer du bestille klasseføringskort kan du enkelt gjere det på jaktskyting.no , velg ny skytter og legg inn ditt medlemsnummer i NJFF. Er du medlem og alt har klasseføringskort må du frå 2018 inn på «min side»(https://Loginminside.njff.no/Account/)og skrive det ut derifrå.

Velkommen skal de vere

 

 

Lagt inn i Ikkje kategorisert, Rifle | Legg att eit innspel

Dugnad i Vangdalsåsen

DUGNAD I VANGDALSÅSEN
Fyrst av alt så må me få sei tusen takk til alle som så langt har bidratt på dugnad for skytebanane våre i Vangdalsåsen. Vilmålbanen gjekk veldig bra og vart ferdig før sommaren som og var målet, og me kunne arrangere oppskyting for storviltprøvenn for våre medlemmer.
Utover hausten sleit me ein del med å få deltakarar til dugnaden på det nye fellesbygget for haglebanane i Vangdalsåsen. Det er nokk mange årsaker til dette og hausten er jo tida mange av oss dyrkar hobbyen som gjer at me er medlemmer i laget. Men dette har ført til ein større arbeidsbelastning enn ønskeleg på enkelte av medlemmane våre, samt til litt seinare framdrift en me hadde håpa på noko som gjer at me har måtta tenkja litt nytt i forhald til organiseringa.
Målet vårt er at me skal ha alle banne klare til sesongstart 2019 og for at dette skal gå er me avhengige av 2 ting det er arbeidskraft og økonomi. Økonomisk er me i hamn om me får utbetalt spelemidlar for viltmålbanen komande sommar. Arbeidsmessig så har me fått stønad frå Sparebankstiftelsen Hardanger til betongarbeid på trap banen, men for resten av arbeidet må me basere oss på dugnad for å få til.
For å prøve å finne ei løysing på dette har me funne ut at me utover vinter og vår vil setje kvar onsdag kveld som fast dugnadskveld. På desse kveldene vert det sett opp ein representant frå styret, ein fagperson samt 3 medlemmer som deltakarar. Me har laga ei lista over dette som de finn vedlagt, styret og enkelte fagpersoner er einaste som er satt opp fleire en ein gong så håpar dette er overkommeleg for dykk å vere med på. Kan de ikkje den datoen de er oppsett prøv å bytt eller få nokon andre til å stille for deg. Det er og ikkje alle av dykk som er sett opp på dugnad no i vår men får me dette til å fungere prøver me oss vidare til hausten og.
Det vil og verte enkelte dugnader utanom dei faste kveldane men då vil me basere oss på frivillig oppmøte med SMS innkalling, det er og berre kjekt om nokon vil vere med på fleire av kveldane enn dei er satt opp på.
Vel møtt på dugnad
For ØJFL
Hallgeir Botnen, Leiar

Brev Dugnad

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Fiskeklubben

Me starter opp fiskeklubben for hausten. Sjå arrangement på linken under for detaljar
Facebook kalender

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Dei gamle sidene

Finn du her

 

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Med merkelapp | Legg att eit innspel