Aktivitetsdag i Vangdalsåsen laurdag 28. august kl 12-15

ØJFL feirar 75 år og me ynskjer velkomen til dei nye flotte anlegga våre i Vangdalsåsen (Tørvikbygd).

Aktivitetar for born, ungdom og vaksne: Prøveskyting på rifle- og haglebane, fiskekast, praktiske dugleikar med meir.

Servering av pølser og frukt frå kl 14, og sal av brus og kaffi.

Alle er velkomne, medlemer og ikkje-medlemer! Høve til å teikne medlemsskap (einskild eller for heil familie).

Vi fylgjer gjeldande smittevernstiltak.

Vel møtt!

Dette innlegget vart lagt inn i Fiske, Hagle, Ikkje kategorisert, Kvinner, Rifle, Skyting, Styret, Ungdom/barn, Vangdalsåsen. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *