Gratis skyting for ungdom/fyrstegongs jegrar

Gratis skyting for ungdom/fyrstegongs jegrar. På riflebanen i Vangdalsåsen 13 og 20 juni. 2023. Klokka 17-ca 20.

Det vert serveing av pizza. Skyting med kal 22, 308 og 3006. Om du har eige våpen som du har lov å ha med deg er det og mogleg.

Kontakt Ove Sandven om noko du lurer på noko 99 47 45 08

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Årsmøte for 2022

Tid: Tysdag 7. mars 2023 kl 19

Stad: Kvam vgs avd Øystese (Gymnaset)

Vel møtt!

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Jegerprøvekurs 2023

Vi er klare med plan for årets jegerprøvekurs.

Øystese Jeger- og Fiskarlag tek no imot påmelding til jegerprøvekurs 2023.
Kurset går over to helger: 17.-19. og 24.-26. mars. Eksamensdato er ikkje fastsett enno. Det er ingen krav til utstyr eller forkunnskaper, men deltakarar må minimum fylle 14 år i løpet av 2023.

Undervisninga vil gå føre seg på gymnaset og skytebanen vår i Vangdalsåsen.

Pris:
Medlem øjfl kr 2.000 (ikkje medlem kr 3.500)
Medlem øjfl under 18 år kr 1.400 (ikkje medlem kr 2.200)
I tillegg kjem eksamensavgift til miljødirektoratet på kr 330
Pris inkluderer enkel lunsj to av dagane

Påmelding:
Ring instruktør Ove Sandven på 994 74 508 (ikkje send melding her eller på facebook)

Påmelding snarast og innan 13.mars (begrensa tal plassar)

Vi ønskjer sjølvsagt at du er eller vert medlem av Øystese jeger- og fiskarlag, dette vil gi god rabatt på kursprisen og på andre aktivitetar du vert med på.
Pris på medlemsskap i øjfl:
– Junior kr 305 (utan medlemsblad kr 175)
– Senior kr 780
– Familiemedlemsskap kr 1.100 (gjeld to vaksne og ubegrensa tal barn)

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Terminliste, leirdueskyting, Vangdalsåsen 2022-2023

Hei dere,
Her terminlisten for leirdueskytingen i Vangdalsåsen 2022-2023. Vel møtt!

Lagt inn i Hagle, Ikkje kategorisert, Skyting, Ungdom/barn, Vangdalsåsen | Legg att eit innspel

Opplæringsjakt

Det vert opplæringsjakt på hjort sundag 30.10. kl 10:00. Oppmøte i Vetleheimen i Øystese. Passar for alle. Kjekt om dei som veit dei kjem gjev ein lyd til Håkon Arne på 950 89 749.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Stamfiske

No er elva fin! Stamfiske i Øysteseelva laurdag 24.9. Oppmøte kl 16:30 v/Vetleheim.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Nytt namn på laget? Namnekonkurranse

Årsmøtet for 2021 gav styret i oppdrag å greie ut namneendring, mellom anna for å signalisere at laget er for heile Kvam. Har du eit framlegg? Send det på e-post til: postmaster@oystesejfl.org . Fristen er 30.9.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Fylkesmeisterskap i Leirduesti

Me gratulerer Jarand Mo Dalatun med sigeren i fylkesmeisterskapet.

Laget vann også lagskytinga med Jarand, Heine Dalatun og Olav Vidar Melstveit på laget.

Me fekk i alle fall eit bilete av ryggen til vinnaren.

Resultatlista før finalen

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Familiedag på Blekeld, Fitjadalen

Stad: Blekeld i Fitjadalen
Tid: Laurdag 3. september kl 13-15

Vi stiller med grill og litt å ete. Ta med eigen flytevest. Om været tillater det, blir det mulighet for barna/intresserte å være med å fiske fra båt og trekke garn.

Det blir også gitt informasjon om fiskeaktivitetar i ferskvann og lagets sine planar for nybygg på Belkeld.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Vel møtt!

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel

Gunstig årskort for medlemmer for fiske i Øysteseelva

Styret har vedteke at det skal seljast årskort i Øysteselva til kr. 250.- til medlemmer i laget. Det løyser en rent praktisk ved å kjøpa fem dagskort a» kr. 50 på Elveguiden.no.

Lagt inn i Ikkje kategorisert | Legg att eit innspel