Trass i att me ikkje hadde værgudane på vår sida, med mykje snø natt til i dag og regn, fekk me gjennomført stevnet som planlagt. Heile 42 deltakarar møtte og resultata finn de under:
Resultat klassevis jaktfelt 28.01.18
Me vil rette ein stor takk til alle som deltok, dugnadsgjengen som har jobba fleire dagar for å få alt klart, Hardanger skyttarlag for lån av 100+ 200m bane, Kvam pistolklubb for lån av 25+50 m bane, Mo-Sport for sponsing av vester til standplassleiarar og Kvammabygg for lån av telt.
Neste jaktfeltstevne i regi av Øystese JFL vert 18.mars, men allereie 4.februar er det nytt stevne i Hordaland jaktfeltcupen denne gong i Sveio.