Dugnad i Vangdalsåsen

DUGNAD I VANGDALSÅSEN
Fyrst av alt så må me få sei tusen takk til alle som så langt har bidratt på dugnad for skytebanane våre i Vangdalsåsen. Vilmålbanen gjekk veldig bra og vart ferdig før sommaren som og var målet, og me kunne arrangere oppskyting for storviltprøvenn for våre medlemmer.
Utover hausten sleit me ein del med å få deltakarar til dugnaden på det nye fellesbygget for haglebanane i Vangdalsåsen. Det er nokk mange årsaker til dette og hausten er jo tida mange av oss dyrkar hobbyen som gjer at me er medlemmer i laget. Men dette har ført til ein større arbeidsbelastning enn ønskeleg på enkelte av medlemmane våre, samt til litt seinare framdrift en me hadde håpa på noko som gjer at me har måtta tenkja litt nytt i forhald til organiseringa.
Målet vårt er at me skal ha alle banne klare til sesongstart 2019 og for at dette skal gå er me avhengige av 2 ting det er arbeidskraft og økonomi. Økonomisk er me i hamn om me får utbetalt spelemidlar for viltmålbanen komande sommar. Arbeidsmessig så har me fått stønad frå Sparebankstiftelsen Hardanger til betongarbeid på trap banen, men for resten av arbeidet må me basere oss på dugnad for å få til.
For å prøve å finne ei løysing på dette har me funne ut at me utover vinter og vår vil setje kvar onsdag kveld som fast dugnadskveld. På desse kveldene vert det sett opp ein representant frå styret, ein fagperson samt 3 medlemmer som deltakarar. Me har laga ei lista over dette som de finn vedlagt, styret og enkelte fagpersoner er einaste som er satt opp fleire en ein gong så håpar dette er overkommeleg for dykk å vere med på. Kan de ikkje den datoen de er oppsett prøv å bytt eller få nokon andre til å stille for deg. Det er og ikkje alle av dykk som er sett opp på dugnad no i vår men får me dette til å fungere prøver me oss vidare til hausten og.
Det vil og verte enkelte dugnader utanom dei faste kveldane men då vil me basere oss på frivillig oppmøte med SMS innkalling, det er og berre kjekt om nokon vil vere med på fleire av kveldane enn dei er satt opp på.
Vel møtt på dugnad
For ØJFL
Hallgeir Botnen, Leiar

Brev Dugnad

Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.