Vil du prøve leirdueskyting?

Gratis skytekveld med hagle for ungdommar, både medlemer og ikkje-medlemer. Du får prøve å skyte leirduer, og det vert ein matbit. Du vil få rettleiing av erfarne instruktørar.

Tid: tysdag 19.10. og tysdag 26.10. Begge kveldar kl 18:30 i Vangdalsåsen (Tørvikbygd). Slutt kl 20:30.

Treng du skyss? Vi stiller med bil frå Circle K i Øystese kl 18:00, og Esso Norheimsund kl 18:10. Gje melding om du går på ein annan plass. Retur til Øystese ca kl 21.

Meld deg på innan måndag kveld 18.10. til 95 20 23 30 (Knut Njaa).

Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *