Nytt frå styret

Under finn du eit utdrag av referatet frå sist styremøte.
Kvinneutvalet:
Førstkomande søndag blir det kakletreff, med dame-cup i hagleskyting, i regi av NJFF Hordaland, kvinner. Det har i snitt vore ca 5 stk pr trening, det er også nye skyttararar, og det er bra!

Fiskestellsutvalet:
Starta kultiveringsfiske 6.5.2020. Så langt er det trekt over 4000 fisk med ei snittvekt på ca 50 gram. Målet er 8000 fisk frå Fitjadalsvatnet.

Elveutvalet:
Det vert arbeidd med å fjerne Parkslirekne, eit ugras (svartelista) som veks langs elva. Dette er krevjande og me søkjer løysingar. Kommunen køyrer det vekk når det er pakka i klår plast.
Det har vore synfaring på Øredalsbekken, og der står det fisk. Me ser på kva som kan gjerast her.
Det har vore synfaring i Laupsaelva for å sjå på moglegheit for laksetrapp. Konklusjonen er at det er ein kostbar affære.
Reguleringsplan på Laupsa, frist 30.6.2020: Styret sender uttale til Kvam herad som omhandlar både plassering av båthamn (trekke den nordvestover), samt alternativt flomløp for å sjå om ein kan få fisken til å trekke videre oppover. Skrivet sendast på høyring til styret før innsending.

Stamfiskehuset:
Gavlveggen mot nord (Storeholmen) har fått ny kledning, (ca 18 kvadratmeter).
Gjenstår litt på rep av takrenne, ein siste skøyt må reparerast. Starta med dekkbeis på veggane og porter. Det bør også huggast skog mellom huset og elva.

Jaktskyttarutvalet:
Skeetbanen:
Trearbeidet på skeetbanen er ferdig. Elektrosystem har nå hovudfokus, inkludert lysmast ved trapp til sekretariat. Installasjon av kastemaskinar kjem etter det.
Riflebanen:
Fast trening for rifle er starta iht til Covid-19 smittevernsreglar. Ny SMS sendast ut med info.
Haglebanen:
Utvalet har gjort ein risikovurdering, og det er starta opp med faste treningar kvar tysdag frå kl. 17:30 og utover.

Minner om at plastplukking skal gjennomførast i samband med en trening, spesielt frå kant og ned mot elva. Det er og utført plukking frå rist (ca 500 proppar eller ca 2-3% (ca 1500 propper/år) av totalt avfyrte skot, dog må nota ettersjåast slik at en til ein kvar tid er sikker på at ikkje noko plast passerer nota.

Sak 13/20 Økonomi.
Det er spørsmål om laget dekkjer skyteinstruktørkurs II for eit par skyttarar. Styret støtter dette mot at deltakarane arrangerer eigne treningskveldar for erfaringsoverføring, herunder eigne kveldar for ungdom. Styret dekkjer rimeleg transport, kursavgift (mat er inkludert i pakka), samt utgifter til opphald.
Det vert kjøpt inn ein 82 tommar skjerm for bruk i sekretariatet i Vangdalsåsen.

Sak 10/20, inkomen sak: Bekledning
Styret beslutta: Lage liste over interessentar, setje opp liste over kven som skal ha kva, vurderer å sponse med eit fast beløp.
Type lagskleder?
Gule refleksvestar, god kvalitet og med glidelås, med logo for ØJFL og HSSK.
• 10 stk med «Skyteleiar» for standplassleder og assistentar.
• 10 stk utan ekstra tekst.

Neste styremøte vert: Onsdag 09.09.2020 kl. 19:00-21:00 i Vetleheimen.

Øystese, 10.06.2020
Cato Landsvik
Leiar ØJFL

Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.