Fiskekonkurranse i Fitjadalen!

Øystese Jeger- og Fiskarlag inviterer barn og unge opp til 16 år til fiskekonkurranse i Fitjadalen på sundag 22. september frå kl 14 til 17.

Det vert flotte premiar for største fisk, minste fisk og til den som fiskar flest fisk. Slikt likar me. Oppmøte ved Blekeld (like før p-plass ved enden av vatnet). Det kan fiskast både i vatnet og i elvane. Ta med redningsvest om du vil utpå, og ha på seilarvest om du skal fiske frå land.
Ekspertar frå Øystese Jeger- og fiskarlag vil vere med og gje dei unge råd og tips for eit vellukka fiske, og foreldre eller andre hjelparar må passe på dei ivrige fiskarane.
Tilbodet er gratis, me vonar allikevel at vi kan få verva nokre nye medlemer. Visste du at det frå 1. oktober er høve for familiemedlemskap? Følg linken for å finne ut meir, og hugs å velge Øystese Jeger- og Fiskarlag som ditt lokallag.
https://www.njff.no/nyheter/Sider/NJFF-tilbyr-medlemskap-for-hele-familien.aspx
Vel møtt og kle dykk etter været. Smil og rednings- eller seilervest skal ein alltid ha på!

Dette innlegget vart lagt inn i Ikkje kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.