I det januar er ferdig har me bak oss fire gode onsdagar med dugnadsøkter. Taket inne er isolert og panel er kome på om lag halve taket. Innvendige delevegger er på plass og elektrikarane har starta arbeidet med trekkerøyrene.
Ute er alle søylene kome på plass og «kassen» over inngangen er på plass.
Fellesbygget, sekretariat, lager og opphaldsrom for leirduebanane
Terrasse med perfekt utsyn til trapbanen
Inngangspartiet
Sett frå vegen opp til Vangdalsåsen
Elektrikarane er i full gang
Opphaldsrommet, takpanelet er på i halve taket
Dette innlegget vart lagt inn i
Dugnad,
Hagle,
Skyting,
Vangdalsåsen. Bokmerk
fastlenkja.