Banner

styret kalender Jaktskyttarutval Jaktskyttarutval Jaktutvalet Fiske Barne og ungdomsaktivitet

  • Logg inn

  • Besøk våre støttespelarar

    Kleppe

     

    Flotve

    Statoil

     

     Kurs i lokkejakt på rev!

    publisert: 2012-12-15

    Torsdag 10.januar inviterer Øystese jeger- og fiskarlag til foredrag og kurs i lokkejakt på rev.

    Foredragshaldar vert Tor Ola Dehli som har fått verkeleg tak på denne jaktforma blant anna gjennom inspirasjon frå Sveriges lokkeekspert Ulf Lindroth. Tor Ola vil visa fram ulike lokkefløyter og lokketeknikar, og gi tips for at du skal lykkast med lokkejakt på rev. Lokkejakt er ein spennande og aktiv jaktform, og jakt på rev er godt viltstell for småviltjakta i Kvam.

    Tor Ola Dehli har dei siste par åra reist rundt i Noreg og halda lokkekurs på rev for jeger- og fiskarlag. På kurset går han gjennom alle faktorar ved lokkejakta, og illustrerar dette med hjelp av bilete og filmklipp frå lokkejakt. Han har også med ulike fløytar og anna nyttig utstyr som kursdeltakarar kan kjøpa.

    Stad: Øystese Gymnas
    Tid: kl.1800

    Inngangsprisar:
    Ungdomsmedlem - gratis
    Medlem – kr.100,-
    Ikkje medlem – kr.250,-

    Førstemann til mølla!
    Påmelding via e-post til postmaster@oystesejfl.org,

    Velkomen!

    Her er eit lite filmklipp

    I vedlegget fortel Tor Ola Dehli litt og seg sjølve og lokkejakta.

    Vedlegg: 2012-12-15-Tor Ola Dehli.pdf