Banner

styret kalender Jaktskyttarutval Jaktskyttarutval Jaktutvalet Fiske Barne og ungdomsaktivitet

  • Logg inn

  • Besøk våre støttespelarar

    Kleppe

     

    Flotve

    Statoil

     

       

    Kontaktinformasjon

    Řystese jeger- og fiskarlag, Boks 17, 5604 Øystese, e-post: postmaster@oystesejfl.org
    Tekstmeldingar til laget kan sendast til: 950 06 415
    Organisasjonsnr: 993 271 195
    Laget er tilslutta Norges Jeger- og Fiskerforbund gjennom NJFF-Hordaland

    Kort historikk

    Oppstart

    Laget vart skipa i november 1945 som Øystese fiskarlag. I 1963 vart laget omorganisert til Øystese jeger- og fiskarlag og innmeldt i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

    Kultivering i fjellet

    60- og 70-talet var mykje av aktiviteten knytt til kultivering av fjellvatna i Øystese-Aust. Etter år 2000 er det kvart år lagt ned mange timar på å kultivera Fitjadalsvatnet.

    Elva/Vetleheim

    På 70-talet var fisket i elva fantastisk (i alle fall i høve til i dag) og aktiviteten stor. Laget dreiv eit lite klekkeri.

    Lagshuset Vetleheim i Sjusetevegen vart kjøpt og pussa opp i slutten av 70-talet. I kjellaren vart det innreidd nytt klekkeri. I tillegg vart det sett opp eit stamfiskhus på eigedomen.

    I 2008 vart klekkeriet fjerna og rommet gjort om til eit aktivitetsrom for laget.I tillegg vart det laga toalett i huset.

    Skytebanen

    Alt på slutten av 60-talet dreiv ein med leirdueskyting, først i sandtaket i Øystese, seinare på Melstveit. I 1980 bygde ein banen me brukar i dag. No ser me framover å ynskjer å utvida anlegget med ein bane til.

    Blekeld

    På Kvam Herad sitt område Blekeld ved Fitjadalsvatn har laget laga bryggje, toalett og eit grindbygg for grilling o.l. Det heile byrja med at laget fekk løyve til å byggje ei brygge m/båtfeste. I 2001 vart så bryggja sett opp, og båt kom på plass. Båten kan leigast av alle. Nøklar kan lånast på statoilstasjonen i Øystese.

    Alle bygga er tilrettelagt for rørslehemma, vi må då spesielt nevne at på bryggja er det heis for rullestolbrukarar slik at rørslehemma skal få moglegheit til ein tur på Fitjadalsvatn, gjerne med fiskestong. N.B! brukar må ha hjelpar for å nytta heisen for rørslehemma, båten er utstyrt med spesialsete for dette bruk.